| Kulturkanalen |Dag og Tid | 28.11.96
Bok: Ei anarkistisk Rosa
Ingar Knudtsen er proletaren blant millionærane på Bladkompaniet. Denne hausten kjem han med bok nummer 21. Halvtspanske Rosa frå Smøla er hovudperson. Ho er bådeanarkist og krigsflygar.
OTTAR FYLLINGSNES
Nesten like så årvisst som hausten og bokmessa på Sjølyst, dukkar nordmøringen opp med ny bok. Handebuterte i 1975 med ei samling med science fiction-noveller.Seinare har den eine romanen følgd den andre.-- Skal eg overleva, er eg tvinga til å skriva ei bok iåret. Og det har eg gjort i 20 år, seier Knudtsen.
Medan dei andre tråvarane på Bladkompaniet som MargitSandemo, May Grete Lerum og Willy Ustad opererer med pocketbøker,gjev Knudtsen ut bøker med stive permar. Sist handla detom ulven som vart skoten på Tingvoll. I år dreiardet seg om den spanske borgarkrigen.
60 år etter
Ingar Knudtsen kjem frå Kristiansund. Også der i byenhøyrde folk om den spanske borgarkrigen. To kristiansundararreiste nedover, og båe kom heim att i live. Den eine døyddei fjor, før Ingar Knudtsen kom så langt at han fekksnakka med han. Likevel har han alltid fatta interesse for dennekrigen.I år er det 60 år sidan det braka laus i Spania. I30 år har Ingar Knudtsen gått svanger med eit bokprosjektom denne krigen. Han har prøvd å skriva novellermed krigen som tema, men han var ikkje nøgd med resultatet.No har det vorte ein roman i staden. "Natt uten navn"heiter prosjektet; ein nesten-murstein på 400 sider.
Året er 1936. Hovudpersonen heiter Rosa Villena Måholm.Ho er norsk, men med spanske røter. Tidlegare var det godkontakt mellom Nordmøre og Spania. I ein periode var detspanske skip som frakta tørrfisken nedover, fortel IngarKnudtsen.
Og dermed vart det naturlegvis fødd barn på Nordmøremed spansk blod i årene.
-- Til Barcelona kjem Rosa som tolk for den norske troppen tilfolkeolympiaden. Den 17. juli 1936 samlar Franco troppane sinei Marokko til eit korstog mot den republikanske regjeringa. Todagar seinare når krigen Barcelona, og Rosa frå Noreggår med i krigen -- som krigsflygar. Ho vert ein av dei40.000 friviljuge som melder seg i kampen mot fascismen. Blantdesse er det 225 nordmenn.
Rosa Villena vert den einaste kvinnelege flygaren i borgarkrigen.Knudtsen har i alle fall ikkje greidd å spora opp andre.Heime på Nordmøre har ho drive som stuntflygar, ogi borgarkrigen plukkar ho ned det eine bombeflyet etter det andre.
Møter Orwell
Ingar Knudtsen understrekar at det ikkje ein Hemingway-roman hanhar skrive.-- Eg har aldri hatt noko til overs for Hemingway. Han er formacho for meg. Hemingway brukte den spanske borgarkrigen til åskriva ein kjærleiksroman der spanjolane vart framstiltesom mexicanske bandittar, seier Knudtsen.
Men han let den norsk-spanske Rosa møta George Orwell.Og i romanen gjev den norske anarkisten Orwell inspirasjon til"Animal Farm". I alle fall hentar forfattaren fram notisbokaog noterer seg Rosas utsegner om at "nokon er meir lik ennandre".
Ingar Knudtsen har lese alt han har kome over om borgarkrigen.Han har fått støtte frå forfattarforeiningatil å reisa til Spania, og han har vore der to gonger.
-- Tidlegare har eg reist lite, men eg reiser langt i fantasien.I fjor kom eg likevel til Barcelona, og det var kjærleikved første blikk, fortel han.
Dagens Rosa
I Barcelona møtte Ingar Knudtsen den verkelege Rosa, oghan har dedisert boka til henne. Ho arbeidde på partikontorettil kommunistpartiet.-- Me diskuterte litt fram og tilbake, men me vart ikkje samde.Likevel fekk eg mange verdfulle opplysningar, blant anna fråein eldre kommunist som eg møtte der. Eg var ogsåinnom kontoret til anarkosyndikalistane, ein svær bygning.Etter at Franco døydde har dei venstreradikale fåtttilbake eigedomane som falangistane tok frå dei, fortelKnudtsen.
Han meiner det var den innbyrdes splittinga på venstresidai åra mellom 1936 og 1939 som gjorde at Franco sigra i borgarkrigen.Men også England har mykje av skulda for at det gjekk somdet gjorde. Både England og USA underteikna ei ikkje-intervensjonspakt.
-- Du skriv om ei spennande tid, men det er ikkje nokon spenningsromandu har skrive?
-- Nei. For meg har det først og fremst vore viktig åskapa truverdige personar som kan uttrykkja dei motsetnadene someksisterte på den tida. Då eg skreiv innanfor fantasy-sjangeren,var eg mest oppteken av universet, men sidan har personskildringanestadig vorte viktigare for meg.
Anarkist
I den spanske borgarkrigen kom kommunistar og anarkistar til åstå mot ein annan. Det er ingen tvil om kva side nordmøringensympatiserer med. Han kallar seg framleis anarkist, og fortelat han var med på stifta den første anarkistgruppai Noreg i nyare tid. Det skjedde i Kristiansund i 1967. I byenfanst det om lag 50 anarkistar, og dei dominerte venstresida.-- Me ville ha meir samfunn og mindre stat. Me anarkistar er reddefor å vera konkrete, men har tillit til at ting skjer "frihetlig",seier Knudtsen.
Han har ideen klar til det neste bokprosjektet. Neste haust skalKnudtsens bok handla om ein ung mann sin veg til nazismen.
| Kulturkanalen| Dag og Tid | 28.11.96